Behandlingsansvarleg
Zetmo AS er eigar av Magnifikk og behandlingsansvarleg på magnifikk.no.
Databehandlar
Veir AS er databehandlar. Data er kryptert og lagra i eit datasenter i Finland eigd av Google Ireland Limited. Google Ireland Limited har ikkje tilgang til data.
Personopplysningar
Ingen personopplysningar vert innhenta på magnifikk.no.
Innhenting
Ingen personlege eller sensitive data vert innhenta frå besøk på magnifikk.no, kun anonymisert besøksstatistikk igjennom informasjonskapslar (cookies). Informasjonskapslar er små tekstfiler som plasserast på datamaskina di når du lastar ned ein nettstad. Nokon av informasjonskapslane er naudsynte for at ulike tenester på nettstaden vår skal fungere. Vi nyttar ei personvernvenleg statistikkløysing på magnifikk.no. Denne statistikken gjer at vi kan forbetre informasjonen på nettstaden. Statistikken inneheld ulike variablar, slik som kor mange som har besøkt dei ulike sidene og kva tid og kor mange gongar ulike dokument vert lasta ned. Det lagrast òg informasjon om kva type device/eining som er mest brukt. All statistikk er anonym og kan ikkje knyttast til deg som enkeltperson. Ingen personopplysningar vert utlevert til tredjepartar. Du kan lese meir om cookies som er i bruk på magnifikk.no i cookieerklæringa vår.
Formål
Anonymisert besøksstatistikk vert brukt til interne formål innad i Zetmo AS. Zetmo AS sitt grunnlag for å innhente anonymisert besøksstatistikk er å kunne forbetre tenester og informasjon.
Rettar
Deltakarar har rett til innsyn i eigne personopplysningar, samt retting og sletting av ev. mangelfulle eller uriktige opplysningar, i følgje norsk lov. Fordi magnifikk.no ikkje innhentar personvernopplysningar, er dette punktet kun med for ordens skuld.